Oppskrift på Hustadvikakaka

Klikk for stort bilde Det kom inn 14 kaker til konkurransen om å bli Hustadvikakaka. Yosra Almasri stakk av med sieren, her er oppskrifta på kaka om du har lyst å bake den du også:

1.Tertebunn:

50 g smør
50 g sukker
50 g kveitemjøl
50 g malte mandler
5  g vaniljepulver

Ha alt i ei kjøkkenmaskin og miks til ein deig.
Legg bakepapir i botnen av ei 16 cm form.
Steikes i 180 grader i 10 min.

2. Mandelbunn med bringebær

100 g eggeplommer (av 5 store egg)
65 g sukker
1 ts bakepulver
100 g kveitemjøl
50 g malte mandler
200 g eggekviter (av 5 store egg)
6 stk ferske bringebær.

Eggeplommer og sukker piskas til tjukk eggedosis. Mjøl og bakepulver blandas og siktes i. Dette vendes forsiktig i eggedosisen saman med dei finmalte mandlane.

Eggekviter piskas stive og vendes forsiktig inn i blandinga. Stopp når deigen er glatt.
Mandelbotnen legges så oppå tertebotnen. Legg over bringebæra.

Dei to botnane steikes no saman i 18 min., til den er gylden og gir etter ved trykk.
Forma med botnane settas i frysaren i 1 time.

3. Gele

1 pk bringebærgele, bruk halvparten av oppgitt vatn mengde. Avkjøl litt.
Botnen  tas ut av frysaren, og geleen helles over i forma. Sett tilbake i frysaren i 1 time.

4. Bringebærmousse

Mens kaka står i frysaren, lages bringebærmousseen.

3 plater gelatin
2 dl kremfløyte
2 eggeplommer
100 g melis
2 ts vaniljesukker
2 ss sukker
300 g friske bringebær.

Ha bringebæra i ein kasserolle og mos saman med stavmiksar. Ha i sukker. Kokes lett på ca 50 grader.
Legg gelatinen i kaldt vatn i ca 5 min.
Lag eggedosis av eggeplommer, melis og vaniljesukker.  Slå eggedosisen over i kasserollen med bringebær (pass på at dette ikkje koker for mykje). Når blandinga har vorte litt stiv, klemmes vatnet ut av gelatinplatene og  tilsettast så blandinga.

Rør alt saman med ein slikkepott, settas så i kjøleskapet i ein halv time.
Pisk kremen med sukker og litt vaniljesukker. Blandas saman med den avkjølte bringebærmousseen.  Alt helles over den frosne kaka. Kaka settas tilbake i frysaren, mens du lager vaniljemousse.

5. Vaniljemousse

4 gelatinplater
70 g sukker
4 eggeplommer
3 dl fløyte
1 vaniljestang

Plasser dei 4 gelatinplatene i iskaldt vatn.
Skrap vaniljekjernane ut av skallet og rør dei med litt sukker, noko som gjer at det blir lettare å få korna til å spreie seg i mousseen.

Pisk eggedosis av eggeplommer, sukker og vanilje.
Pisk fløyten stiv.
Sett bollen med eggedosisen over vatn bad. Det skal ikkje koke, men vere varmt nok til å smelte gelatinplatene, som has i etter at ein har klemt vatnet ut av dei. Rør til ei jamn blanding og gelatinen er løyst opp.
Ta bollen ut av vatnbadet og la blandinga avkjølas litt.
Tilsett den piska kremen, litt i gongen i eggedosisen.
Ha så vaniljemousseen i ei ny form (helst silikon) som er 18-20 cm.
Ta den frosne kaka opp av frysar, ta den ut av forma og snu den opp ned. Denne presses så forsiktig ned i forma med vaniljemousseen, slik at det blir eit lag med vaniljemousse i bunnen (som blir toppen av kaka) og rundt kantane. Kaka blir no heilt dekt av vaniljemousse, kvit og glatt. Kaka settas no tilbake i frysar i minimum 6 timer.

Kaken er no i utgangspunktet ferdig. Men skal den serveras i finare selskap, som til dømes bryllaup, barndåpar osv, kan ein med fordel pynte kaka med speilglasur.

6. Speilglasur (ikkje nødvendig)

150 g kvit sjokolade
0,75 dl vatn
150 g sukker
1 dl søt kondensert mjølk
10 plater gelatin
½ ss vaniljestang
100 g glukose
rød konditorfarge

Kok vatn, glukose og sukker til 103 grader. Ha i kondensert mjølk og bløyt opp gelatinen. Tøm over sjokoladen, og bland dette saman med en stavmiksar.
Farg glasuren med konditorfargen og sett den på kjøkkenbenken til avkjøling. Ta kaka ut av forma og sett den på ei rist.
Tøm glasuren forsiktig over, og la den renne ned over sidene. Stryk raskt over med en palett slik at toppen blir jamn. La kaken stå på rist til glasuren får tid til å sette seg, før den flyttas over på eit kakefat. Settas så i kjøleskapet til kaka tiner.